• Demokrati eller islamisme

Demokrati eller islamisme

Pris 199,00 348,00
Antall: stk
ISBN:
9788247604038
År:
2013
Sider:
333
Forfatter:
Hallgrim Berg
Hallgrim Berg leverer her eit kraftfullt vitnemål for demokratiet, menneskerettane og vår vesterlandske kultur – inklusive kristendomen og mirakelet Israel.
Som totalitær ideologi stiller islamismen i klasse med nazismen, fascismen og kommunismen, men er endå farlegare fordi politikk og religion, stat og nasjon er og eitt og det same. Islamistane spelar internasjonalt på sine maktfaktorar: olje, migrasjon, terror, frykt, og vil ha forbod mot blasfemi, med andre ord: nei til kritikk av islam. 

Hallgrim Bergs bok Amerikabrevet: Europa i fare utløyste i 2007 årets heftigaste mediedebatt i Noreg. Han åtvara mot det militante og imperialistiske islam, og hevda at Europa snart vil få økonomiske, politiske og kulturelle problem med press frå den store muslimske innvandringa, asylindustrien, høge fødselstal, og utnytting av toleransen i demokratiet og velferdsstaten. Islamifiseringa gir seg stadig nye uttrykk. 

Radikal islam kom hausten 2012 til overflata også i Noreg. Norske interesser blir utfordra av aggressive islamistar. Ute i verda aukar talet på dødbringande islamistiske terroraksjonar kvar einaste veke. Menneskerettar og minoritetar er lite verdt i land der islam har fått fotfeste og fleirtal. Islam er «nær» kristendomen, men likevel uendeleg fjern. Kva då med Gud og Allah – kan dei vera den same? 

Europa er i kneståande, forvirra og utan eit samlande formål. Redselen for islamsk press vinn fram. Det frie ordet tapar. Demokratiet lir. Hallgrim Berg seier – som sosialdemokraten Tony Blair – at me må reise oss, stå klarare fram for vår eigen kultur, ikkje lenger snu kappa etter vinden og lure oss sjølve med einvegstoleranse. 

Hallgrim Berg leverer her eit kraftfullt vitnemål for demokratiet, menneskerettane og vår vesterlandske kultur – inklusive kristendomen og mirakelet Israel. Han viser kvifor og korleis ytringsfridomen er det avgjerande elementet i den kulturkampen som no byggjer seg opp. 

HALLGRIM BERG (f. 1945) bur i Ål i Hallingdal. Han har møtt på 24 Storting (1977–2001), og har vore fast representant i 16 år. Han var leiar for The European Democratic Group i Europarådets parlamentarikarforsamling 1992–1997. Han har hatt sete i Kringkastingsrådet, Norsk Kulturråd og Norsk Språkråd og har vore President i Norwegians Worldwide. Han er også kjend som folkemusikar, kåsør, sogeforteljar m.m. Forfattaren lanserer ein handlingsplan i tolv punkt for å stimulere debatten om korleis Noreg og landa i Europa skal overleva som sjølvstendige kulturnasjonar.
«Grundig gjennomgang av den islamistiske trusselen mot Europa»
– Aftenposten

«Hallgrim Berg si bok fortener utan eve 6 i terningkast. Dette er ei bok alle som ynskjer å forstå verdspolitikk og nasjonalpolitikk – ikkje har råd til å sleppa frå seg»
– Lars Thoralf Storstrand, Karmsund Avis

«Bergs bok favner vidt om vår tids største ideologiske utfordring: islam/islamisme. Den er grundig og dyptpløyende, og den er overbevisende om hvilke problemer det europeiske kontinentet har laget for seg sjølv»
– Hege Storhaug, rights.no

«Boken er en samtidshistorisk perle.»
– Kommentar.no

«Dette er en bok som engasjerte meg. Det er en brannfakkel som fortjener debatt.»
– Torbjørn Røe Isaksen