• Hardanger gåvmildt og nådelaust

Hardanger gåvmildt og nådelaust

Pris 199,00 398,00
Antall: stk
ISBN:
9788247603826
År:
2010
Forfatter:
Oddgeir Bruaset

Hardanger er rikt på stader «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Men folk har budd der likevel, og somme gjer det framleis. Sett med vår tids auge har dei levd eit spennande, dramatisk og eventyrleg liv - og eit liv til å ta lærdom av. Det handlar om nøysemd, viljestyrke, samhald og menneskeleg yteevne.

Boka byggjer på «Nådelaust liv i gåvmilde Hardanger», men ho har med meir stoff , både frå fortid og notid – til dømes har striden kring «monstermastene» i Hardanger fått sin rettmessige plass. Ikkje minst inneheld ho langt fleire bilde av det storfelte landskapet som Hardanger er så rikt på.

Oddgeir Bruaset er TV-journalist i NRK og har særleg gjort suksess med serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Dessutan har han skrive eit tjuetal bøker, dei fleste med kulturhistorisk innhald, og han er ein etterspurd kåsør. For arbeidet har han teke imot ei rad prisar og utmerkingar.