• Nytt mot på livet

Nytt mot på livet

Pris 198,00
Antall: stk
ISBN:
978-82-476-0110-5
År:
2008
Sider:
200
Forfatter:
Hans Olav Tungesvik

Stendig fleire av oss er slitne. Møter veggen. Blir kanskje utbrende – eller kva skal det kallast ... 

Den erfarne psykiateren Hans Olav Tungesvik vil heller bruka ordet uttappa, for det får oss til å tenkja på noko som kan fyllast opp att. Eit utbrent bål er berre oske, medan eit
uttappa basseng kan fyllast på nytt. Ofte treng ein hjelp til å stoppa denne energilekkasjen, og auka tilførsla igjen.

 

Tungesvik har hjelpt menneske som har opplevd sorg, overgrep, spiseforstyrrelsar og ulukker. Her gjev han oss sine refeksjonar
omkring historiene til desse menneska – enkelt, direkte, med klokskap og varme. Slik kan vi læra av andre sine erfaringar, og kanskje handla
i forkant.

 

HANS OLAV TUNGESVIK er fødd i 1936 i Skånevik. Han er lege og spesialist i psykiatri. Tungesvik har vore fylkespsykiater i Finnmark og sjeflege ved Modum Bads Nervesanatorium. I tida 1985–2008 dreiv han Frihamn psykiatriske senter i Skånevik. Dei siste åra har han hatt deltids spesialistpraksis i psykiatri med kontor ved Skånevik Helsesenter. Forfattaren var stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti 1977–1985. Han har gitt ut ei rekkje bøker om faglege emne. Han er ein mykje nytta foredragshaldar, for det meste med tema knytt til det mellommenneskelege samspelet.